Kari Nestaas Rudd. Foto: Parat, Vetle Daler

Et travelt eventyr er over

KOMMENTAR: Eit travelt eventyr er no over for meg i Parat UNG. Eg og styret mitt har gitt stafettpinnen over til eit nytt styre i helga, og eg ynskjer det nye styret lukke til med det viktige arbeidet.

Publisert Sist oppdatert

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens holdninger.

Det er med sorg og vemod at eg takkar for meg og tek farvel. Likevel er eg utruleg glad og takknemleg for reisa og håpar det nye styret skapar minst like mange gode minner som eg sit att med no.

Heilt frå fyrste ung-samling i Lofoten i 2015 har eg følt ein tilhøyrigheit og eit samhald som ikkje let seg beskriva. Eg ante knapt nok kva ein fagforening eller tariffavtale var då, men kjente fort at eg vart nysgjerrig og ville være med på reisa vidare. Det angrar eg ikkje på. Parat UNG har eit utruleg engasjerande og opplyftande nettverk enn det eg noko sinne hadde forestilt meg. Det vart kursing, foredrag, nye samlingar og nye verv på meg ganske fort, som har ført til veldig mange nydelege minner og morsomme historier.

Dei som kjenner meg veit at eg har ein del ulike verv å sjå til, men verva i Parat UNG går av med seieren når det kjem til engasjement. Eg skulle hatt mykje meir tid og helst fleire timar i døgret når det dukka opp nye idear. Og det har det gjort ofte.

Dei siste tre åra har eg vore so heldig å sitta i framsetet og styrt organisasjonen, og det er eg svært takksam for. Å kunne skapa nettverk for unge medlemmer og spre engasjement har vore magisk. Eg har fått utruleg mange nye bekjentskap over heile landet desse åra. Fleire av mine no beste venner dukka opp langs vegen og fleire av dei dyktige (og tolmodige) styremedlemmene som har halde ut med meg er nære som familiemedlemmer no. Saman har me reist rundt i heile landet på eventyr samtidig som me har vore med på å forma framtidas arbeidsliv slik me vil ha den.

Som ein del av leiar-rolla har eg vore med i hovedstyret til Parat og fått muligheita til å påvirka arbeidslivspolitikken. Det har vore ei rimeleg bratt læringskurve og gitt meg mange erfaringar vidare. Eg må skryta av Parat som har ein fantastisk kultur for å gje dei unge ein læringsplattform og å løfta engasjerte medlemmer opp og fram og eg har med det fått god støtte og rådgjeving på vegen.

No er eg diverre for gammal til å være ein del av ung-nettverket, men engasjementet mitt er ikkje borte og vennene mine held eg fast på.

Så med det ser eg fram til å møte alle att i ein eller anna setting i framtida og takkar djupt for tillita og hjelpa eg har hatt i tida mi i Parat UNG.

Helsing fra Kari Nestaas Ruud

Powered by Labrador CMS